Kor mange idrettsutøverar har ikkje opplevd ei skade som hindrar dei i å prestere maksimalt på idrettsarenaen? Det kan vere ei skade som hindrar ein i utøve sin idrett i det heile, eller bare ei "filleskade" som "luggar" og som gjer at ein må halde att det siste ekstra.
Hjå fotballspelerar er lyskesmerter eit velkjent problem. Lyskesmerter kan i verste fall vere brokk, total muskelruptur eller indre sjukdom. Men i dei fleste høva er det ufarleg og enkelt å behandle. Dette er noko naprapaten vil prøve å skile ut ved fyrste besøk. For lyskeproblem er noko naprapaten behandlar med gode resultat. Og korleis behandlar naprapaten?
Justering av ryggrada er ein behandlingsteknikk som står sentralt. Sjølv om smerta sit i lyskeområdet, er det i vårt grunnsyn at årsaka sit i ryggrad og bekken. Ryggrada er reisverket i kroppen og påvirkar slik rørslemønsteret og belastninga muskulaturen blir utsatt for. Vidare behandlast muskulatur med tanke på å auke blodsikulasjonen og derigjennom endre muskelens indre miljø.
Naprapaten løyser og opp noko vi kallar triggerpunkt. Omkringliggande muskulatur fungerar ofte heller ikkje optimalt, og då prøvar naprapaten å normalisere funksjonen. Fotballspelaren må og sjølv gjere ein innsats, gjennom øvningar for å bedre styrken samt koordinasjonsmønsteret.
Naprapaten sitt råd er: gå ikkje rundt halvskada, ta problemet tidleg - då kan du yte ditt maksimale på idrettsarenaen.